Kari Stai. Månedens illustratør i september 2012

Kari Stai. Månedens illustratør i september 2012

Kari Stai er illustratør og forfatter, og kjem frå Inderøy. Ho har vunne Kulturdepartementets debutantpris for boka Jakob og Neikob i 2008, og fleire prisar under Årets vakreste bøker og Visuelt.

Kari Stai har no kome med to bøker om Jakob og Neikob. Dei er omsett til fleire språk, finst som app og har vorte animert og vist på Barne-TV. Formspråket er prega av klare former, avstemte fargar og eit grafisk uttrykk.

Kari Stai har også skrive boka Blodrik og Blodfabrikken og peikebøkene om Mopp og Mikko. Bøkene er gitt ut på Det Norske Samlaget. Kari Stai har jobba mykje med redaksjonell illustrasjon, og har blant anna teikna for Morgenbladet, Den Norske Legeforening og NAV. Stais teikningar er innkjøpt av Nasjonalbiblioteket og Nils Aas Kunstverksted, og ho er medlem av Tegnerforbundet, NBK, NBU og Grafill. Ho er også engasjert gjennom Den Kulturelle Skolesekken.

Del dette innlegget