Trude Tjensvold. Månedens illustratør i februar 2017

Trude Tjensvold. Månedens illustratør i februar 2017

Etter illustrasjonsutdanninga ved Chelsea College of Art i London, fekk eg plass hos arbeidsfellesskapet Illustratørene i Oslo nesten med ein gong.

Der har eg likt meg så godt at eg fortsatt er her. No sit vi på eit loft i Grensen og har veras nest-finaste balkong, når vi treng pause frå arbeidet.

 Eg har heilt frå starten jobba i eit bredt spekter – frå illustrasjon for både reklamebyrå, aviser og forlag til fri kunst og utstillingar. Etter kvart har eg óg undervist ein del.

Eg er ikkje redd for å eksperimentere og jobbar like gjerne manuelt som digitalt, gjerne i kombinasjon. Variasjon, både når det gjeld oppdragstype, men óg teknisk utforming vert teke i mot med takk. Eg har nok ein forkjærleik for det nokon vil kalle lavkulturelle fenomen, som Donald Duck, cowboyar og amerikanske bilar. Desse ingrediensane er eg glad i å krydre illustrasjonane mine med, helst med ein dose humor.

Hausten 2016 ga eg ut bildeboka Bo flyttar ut på Samlaget – med eigen tekst.

Bøker:

Bo flyttar ut, Samlaget 2016, eigen tekst.

Ivar og data-familien, leseløve Damm 2008, tekst av Anne-Berit Aspås.

Ivar og by-rottene, leseløve Damm 2006, tekst av Anne-Berit Aspås.

Ivar og den magiske ballen fra Bali, leseløve Damm 2006, tekst av Anne-Berit Aspås.

Diktet om Linn, Cappelen 1997, tekst av Ingunn Mediaas.

Peder og Plystrelyden, Samlaget 1994, tekst av Brit Bildøen.

 

 

 

Del dette innlegget